Velkommen til Antropos.no

Norske barnerim og regler

Flere visninger

Magnhild Lauvdal
Norske barnerim og regler
kr 298,00
ELLER
Beskrivelse

Detaljer

Dette er den fyrste samlinga med norske barnerim som kan bera boktittelen med rette. For her er det rundt 900 rim og regler frå heile landet - og det er stoff som er henta inn av dei største samlarane gjennom tidene; folk som M. B. Landstad, Moltke Moe, Sophus Bugge, Richard Berge og andre. Mange av rima er kjende, men dei fleste er ikkje gjevne ut tidlegare. Magnhild Lauvdal har sett saman og systematisert den samlinga som no ligg føre. Dette er vitskap for folket - vitskap som tidlegare er henta frå folket. Barnerim og vers som blir sungne eller framsagde for born - eller av born. Aldri før har vi fått eit betre døme på norsk barnekultur. Derfor vil denne boka vera ei rik kjelde og til stor glede for alle framtidige generasjonar i landet vårt. (Fra bokens omslagstekst) Utgitt av Forlaget Grenland